background
Image
Image

Ei feiring av lokale råvarer

Vinjerock i kompaniskap med gode vener har gleden av invitere til tidenes fyrste Hausttakkefest i Vang – ei feiring av dei fantastiske råvarene frå fjellbygdene våre. I løpet av helga blir det konsert, matopplevingar, marknad og aktivitetar for heile familien.

Fredag 24/9: Konsert & matopplevingar

Vinjerock og Sommerhotellet går saman om eit friskt haustevent som kombinerar lokale råvarer med norsk pop. Med Vangsmjøsa som backdrop får du ein kveld du seint vil gløyme!

background

Opplev Kamara i hagen på Sommer­hotellet

Det er duka for gode vibber blant haustkledde vangsfjell når bergensartisten Kamara inntek hagen på Sommerhotellet.

22-åringen, med røter frå Sierra Leone, er eit nytt stjerneskot blant norske artistar - og har spelt på bl.a. Øyafestivalen og by:Larm på vegen til Vang. Vi kan love deg dansbar musikk og god stemning ved Vangsmjøsa!

Image

Velkomen til konsert og matopplevingar på Sommerhotellet

Kl 16-20: Afterwork + Konsert

For deg som vil tidleg til sengs tilbyr vi afterwork med moglegheit for kjøp av smårettar og godt drikke, før konsertstart med Kamara i hotellhagen i klokka 19:00.

Kl 19-02: Konsert + Middag

Dette er løysinga for deg som vil starte kvelden med konsert i hagen, etterfulgt av ein digg middag og noko godt i glaset inne på hotellet etterpå.

Kjøp billettar

For at flest mogleg skal få høve til å oppleve konserten tilbyr vi to ulike pakker, med moglegheit for å få noko godt å ete & drikke anten før eller etter konserten.

Afterwork + Konsert

kr 250

Konsertbillett inkl. reservert plass på hotellet frå kl 16:00, kor du kan kjøpe ulike smårettar og noko godt å drikke fram til konsertstart kl 19:00.

KJØP BILLETT

Konsert + Middag

kr 550

Konsertbillett inkl. middag & dessert inne på hotellet etter konsertslutt, med reservert plass i hotellbaren fram til stengetid kl 01:00.

KJØP BILLETT
image
Bli kjent med Kamara i musikkvideoen til låta "Don't Call My Name". Fleire videoar ↗

Laurdag 25/9: Lokalmatmarknad i Vang sentrum

Laurdagen er dagen for handel og aktivitetar for både små og store, med lokalmatmarknad og gratis underhaldning og konkurransar for små og store.

Program Produsentar Foredragshaldarar
Image

Kjøp lokale godsaker

Grønsaker, kjøt, ost og bær – på marknaden finn du godsaker av alle slag. Scroll nedover for å sjå kven som deltek.

Image

Underhaldning & foredrag

Vinjerock og Frisk Forlag byr på gratis underhaldning og foredrag. Sjå program nedanfor.

Image

Aktivitetar for små og store

I løpet av dagen blir det ulike aktivitetar og konkurransar for både små og store. Sjå program nedanfor.

Image

Program for Marknadsdagen

Frå kl 11:00: Besøk Festivalhagen

Open festivalhage på Nedre Lund (Lundsmarka 1).

Kl 12:00–16:00: Lokalmatmarknad

Open lokalmatmarknad utanfor Vang folkebibliotek. Sjå oversikt over deltakande produsentar lengre ned.

Kl 12:15 og 14:30: Eventyrstund for borna

Eventyrstund i Galleriet på Vang folkebibliotek

Frå kl 12:30: Underhaldning frå Marknadsscena
  • 12:30: Minikonsert
  • 13:00: August og Martin lagar skikkeleg digge milkshakes!
  • 13:30: Frida Feilicia Vennerød-Diesen - SMAK! Kvifor barn likar det dei likar, og kva du kan gjere med det.
  • 14:00: Korleis kan vi kaste mindre mat? Linda Stuhaug i samtale med Hallgrim Børhus Rogn.
  • 14:30: Samtale mellom Ina-Janine Johnsen og Julie Ilona Balas, leia av Malene Vilnes: Betydninga av gode råvarer.
  • 15:00: Valdres Sparebank sin smakskonkurranse: Premieutdeling.

Deltakande produsentar

Fjellbær


Bjørg S. Berge frå Vang produserer smakfulle gelear av hagebær og ville bær.

Vang

Gerds bakst


Gerd Jægersborg produserer rykande fersk og smakfull bakst av ulike slag.

Vang

Grøne Lund


Grøne Lund produserer grønsaker etter økologiske prinsipp på garden Nedre Lund i Vang sentrum.

Vang

Ingrid Thorpe


Ingrid Thorpe lagar husflidsartiklar av ulike slag.

Vang

Moahaugen Gard


Moahaugen Gard frå Heggenes tilbyr lokalprodusert mat av eigne dyr.

Øystre Slidre

Olestølen Mikroysteri


Olestølen tilbyr handverksforedla mjølkeprodukt av rå økologisk geitemjølk.

Øystre Slidre

Piltingsrud Gard


Piltingsrud gard tilbyr grasfora og langtidsmørna Angus og andre produkt frå garden.

Sør-Aurdal

Sara's Mat


Sara's Mat frå Ryfoss tek turen til Vang sentrum med m.a. vårruller, sambosa og andre smårettar.

Vang

Skakadalskurv


Frank Tommy Jacobsen tek turen til marknaden med den lokale Skakadalskurven.

Vang

Skjelkurv


Gro Arneng kjem til marknaden med sin prisbelønte Skjelkurv.

Øystre Slidre

Skjerdal Stølsysteri


Skjerdal Stølsysteri tek turen over fjellet frå Aurland med ostar, spekepølse og økologisk eplesaft.

Aurland

Skutshødn DA


Skutshødn DA kejm til marknaden med kjøtdeig av lam, storfekjøt og geitekurv.

Vang

Sparstadstølen


Katharina Sparstad kjem til marknaden med stølssmør frå Sanddalen.

Vang

Søndrol Markedshage


Anne-Guri Søndrol kjem til marknaden med ferske grønnsaker og blomar frå garden.

Vang

Sørre Kongslien


Ingrid Skavhaug kjem med spælsau-skinn og kurv av økologisk spælsau frå garden.

Vang

Tyinlam


Tyinlam stiller med heimelaga lammekebab frå grillen, og moglegheit for å tinge årets produkt.

Vang

Valdreskilling


Randi Ødegården kjem til marknaden med kjepølser og kjekjøt frå garden.

Vang

Vang Husflidslag


Vårt lokale husflidslag deltek med ulike husflidsprodukt for sal.

Vang

ØkoNils


Nils Torstein Hermundstad deltek med kjøtprodukt av skotsk høglandsfe frå garden i Øye.

Vang

Du får møte blant andre desse:

Image
Linda Stuhaug
Forfattar av bøkene Opptur med sunn mat og Opptur med sunne middagar.
Image
August & Martin
Norges største TikTok-kokker og forfattere av boka Skolemat.
Image
Frida Felicia Vennerød-Diesen
Forfatter av boka Smak, ei bok om kvifor barn likar det dei likar.
Image
Ina-Janine Johnsen
Forfattar av Potetkokeboka og bloggaren bak Mat på Bordet.

Om arrangementet

Hausttakkefest blir arrangert av Vinjerock i samarbeid med Sommerhotellet og ei lang rekke av gode samarbeidspartnarar og støttespelarar. Arrangementet er ei feiring av all den gode lokalmaten vi har i Vang og Valdres, og ei markering av Vinjerock sitt nye dyrkings- og komposteringsprosjekt.

Om Festivalhagen

Kan matavfallet og eingongsartiklane frå Vinjerock bli til ny festivalmat, og kan festivalgrønnsaker vekse i fjellklimaet i Vang? Det ville vi finne svar på, og saman med Grøne Lund og Lund Arbeidsbase laga vi ein grønnsakshage på garden Nedre Lund.

Image

I hagen veks alt frå urter til grønkål, og poteter i sju slag, og kompostering i ulike former blir grundig testa. Fjellgrønsakene blir utsatt for alt slags vêr, spesielt vind. Det som toler vêret får både krønsj, mykje smak og sterke fargar. På Hausttakkefesten kan du få ein forsmak på resultatet!

  • Image
  • Image
  • Image
  • Image
  • Image
  • Image
  • Image
  • Image